tirsdag 26. april 2011

Postmodernismen.

I postmodernismen er det tema som familien, kroppen, eksperiment, mord, vold, bestialitet, mystikk og kvardagen som er mest teken opp i litteraturen. Det er like vanleg å skrive om samtida som fortida. Dette er fordi ein postmodernist har fridomen til å blande forskjellige stilartar og epokar i ein tekst. Me kan sei at me i dag leve i ein postmodernistisk tid, då me ikkje lenger har nokre grensar på korleis ein tekst skal byggast opp, og ingen reglar eller mal å følgje. I dag kan me for så vidt skrive ein tekst akkurat slik me ønske sjølv, både med og utan slutt eller begynning. Me kan også blande forskjellige stilartar frå historia.

Eit eksempel på eit postmodernistisk dikt som ikkje følgjer nokon typisk mal er Solaris korrigert,2004, av Øyvind Rimbereid. Dette diktet er faktisk valt ut på siste plass i lista over dei 25 viktigaste litterære verka i Noreg. Det spesielle med dette diktet er språket i det. Det er eit språk som er blanda mellom forskjellege språk me i dag kjenne som norsk, engelsk, tysk, fransk osv. Han har altså laga eit slags universelt språk. Diktet er plassert ein gong i framtida, og handlar om ein robot. Han har altså reist longt fram i tida i dette diktet, slik ein postmodernist kan.

Sjølv syntes eg ingenting om diktet, for det gjer meg ingenting. Eg syntes det er tullete og rotete. Diktet gjer ikkje at eg sitje igjen med en følelse av noko slik eg ønskjer, eg føle meg kun forvirra. Eg personleg like å lese dikt og bøker fordi det gjer meg ein følelse av et eller anna. Eg kan heilt ærleg ikkje forstå kvifor dette diktet er med på den lista. Kanskje eg er for gamaldags og Rimbereid for nyskapande? Kan ein sei det i ein alder av 21?....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar