mandag 11. april 2011

Avslutande innlegg om fordjupningsemnet.

I mitt fordjupningsemnet er mine viktigaste funn dei punkta i sekundærlitteraturen som svarar på problemstillinga; Korleis kan me i dag sjå på forholdet mellom Amalie Skram og Professor Pontoppidan? I et kort samandrag kan me sei at dei viktigaste funna eg hadde i Johan Bremer sin bok ein diktertragedie var:

At han ga Amalie diagnosen cyclotomi – et svingande sinn, som forklarer kvifor ho heile livet gikk i bølgje daler. Dette forklarar kvifor ho hadde slike humørsvingingar, og kvifor ho fleire gongar vart innlagt. Bremer legger vekt på korleis ho igjennom heile livet alltid ga skylda på noko for sin tilstand; første gongen ho var innlagt var det første ekteskapet, dei andre gongene ho var nedstemt var det at ho ikkje klarte å skrive som førte til nedstemtheten, og nå denne siste gongen var det Pontoppidan som stod ledig som skyteskive. Han forklarar også at ho la seg frivillig inn, og derfor ikkje godtok at ho ikkje kunne sleppe ut igjen. Siste momentet som er viktig frå Bremer er at ho hadde vært igjennom ei lengre depresjonsperiode. Han meiner derfor at når ho blei innlagt gikk denne depresjonen over til en oppstemthet, noko som gjorde at ho fekk ein svært aggressiv reaksjon, som gikk utover Pontoppidan.

Eg leste og Irene Engelstad sin bok gjennombrudd og sammenbrudd. Ho hadde same synspunkt som Bremer, at Amalie var påverka av sin mentale tilstand i kampen mot Pontoppidan, men hennes grunn gjeving var annleis. Ho ser meir på det patrialske systemet som var regjerande i psykiatrien på denne tida. Pasienten, altså Amalie, blei barnet som skulle oppdras på ny. Pleiarane ble den støttande moren, mens overlegen, i dette tilfellet Pontoppidan, blei den strenge faren. Amalie let seg ikkje kue, og hadde difor store problem med å bøye seg under dette systemet. Engelstad meine også det at Amalie ikkje klarte å skilje mellom ektemannen og Pontoppidan, og derfor ikkje tålte avvisninga ho fekk frå Pontoppidan. Dette skyldar ho på eit ødipalt farsforhold, og et preødipalt morsforhold.

Me kan altså sjå at alle momentane peikar mot at Amalie var påverka av sin mentale tilstand i sitt syn og forhold til professor Pontoppidan, men at han ikkje er heilt uskyldig då han blei eit bilde på eit patrialsk system som ikkje fungerte optimalt.

Bildet 1: Amalie Skram. Lånt av; http://www.vgskole.net/teachers/norsk/litteratur/1850_1900/karensjul_forslag.htm

Bildet 2: Knud Pontoppidan. Lånt av; http://da.wikipedia.org/wiki/Fil:Knud_Pontoppidan_by_Johannes_Christensen.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar