Eg er nå endelig på veg til å bli ferdig med fordjupningsemnet mitt. Som emne har eg vært innom mykje, men vekta har heile tida lagt på galskap i litteraturen. Til slutt har eg valt å ta for meg Amalie Skrams bøker professor hieronimus og På St.Jørgen. Nå eg har arbeidd med stoffet har eg sett på forskjellig sekundærlitteratur som har kunne gjeve meg eit svar på mi problemstilling. Den største utfordringa med arbeidet har vært å skilje frå kvarandre kva som er vesentlig for min oppgåve, og kva som ikkje er det. Dette er spesielt vanskeleg når eg har så mykje informasjon i hovudet som vil ut. Eg har også derfor hatt problem med å få fordjupningsemnet til å bli kort nok.
I min presentasjon har eg valt å få frem korleis forholdet var mellom lege og pasient i bøkene, og derfor blir det professor hieronmius som blir den viktigaste boka i forhold til mi problemstilling. Når eg valte presentasjonsform, var det fordi munnlig form er den karakteren i vårterminen eg vil forbetre, og eg satsa derfor på at fordjupningsemnet vil hjelpe meg med det. Eg syns også at det er lettare å få fram alt stoffet eg kan gjennom munnlig presentasjon, og samtale med lærer etterpå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar