tirsdag 17. mai 2011

Blogging.

Mitt forhold til blogg er at eg er ein slave. Eg leser alle typar bloggar; frå politiske, til mamma bloggar, interiør bloggar, til desse såkalla rosabloggane. Eg har bloglovin` konto, der eg følgje med på alle dei bloggane eg vil sjå oppdateringar på. Eg har aldri sjølv skrevet ein annan blogg enn denne i norsken, og eg trur ikkje heller eg kunne eksponert meg sjølv på den måten. Eg er for privat som person til det, sjølv om det av og til kan friste og tene pengar på å fortelje om kvardagen sin.

Det mest positive med å skrive ein blogg i norsken er at man kan skrive si eige meining, og samtidig la det være med på å skape eit grunnlag for ein god karakter (viss ein velje å legge tid i det). Eg syntes og det er greitt at det hjelper oss til å reflektere over forskjellige tema me har tatt for oss.

Det vanskelegaste for meg ved å blogge har vert at me har fått oppgåver som har vert innanfor visse rammer, så eg har vert nøydt til å svare på konkrete spørsmål, og ikkje gjerne det som eg sjølv har lyst til å skrive om. Men dette er jo også ein positiv ting, då det ikkje er like enkelt å rote seg vekk frå sjølve temaet som er viktig. Det har også for meg dette halvåret vert vanskeleg å skrive på nynorsk, då dette er noko eg ikkje trivast med, men det må jo som alt anna med skulen; gjerast!

Bilde; hentet fra www.bloglovin.com

1 kommentar:

  1. Ja, det er ikkje lett med nynorsk. Gode og interessante synspunkt!

    SvarSlett