søndag 30. januar 2011

Film adaptasjon.

I dag blir det ofte brukt romanar som grunnlag for filmmanus, når filmar blir filmatisert. Grunnen til dette trur eg er fordi at det for det første er enklare og tidsbesparande. Dei byggjer på historier som allereie er skriven, og difor kan dei gjerne bruke tida på å skrive om historia, så den blir best muleg tilpassa ein filmatisering. Eg trur også det kan ha noe med å gjere at populære bøker, som allereie er lest av folk over heile verda, vil trekkje eit større publikum til kinoane, eller dvd butikkane.

Den siste filmen eg såg på kino som var blitt filmatisert utifrå ein roman, var den siste filmen om Harry Potter. Eg syntes desse filmane er svært gode, men eg kan dessverre ikkje uttale meg om dei er like bøkene, eller om bøkene er betre, fordi eg har ikkje lest dei. Men eg trur nok at filmen gir eit godt og likt bilete av boka, i og med at vi forstår det meste frå sjølve historia igjennom filmen. Eg har tidligare lest bøker som har blitt film, men eg klarer ikkje å hugse kor stor forskjell det er, når det ikkje er nylig.

Eit anna eksempel på ein adaptasjon frå bok til film er gymnaslærar Pedersen av Dag Solstad. Eg syntes denne historia var spesiell som film, og kanskje litt uklar fordi det var mykje som ikkje blei forklart og som ein måtte tenkje seg til. Temaet i filmen blei litt uklart , for eg syntes det forsvann i hovudpersonens lengtande kjærleik etter kamerat Hilde. Men temaet må jo ver korleis det var for kommunistane på 70-tallet. Kor mykje arbeid dei låg i å støtte arbeidarklassen, men likevel ikkje kom igjennom til folket. Korleis dei blei latterleggjort, og eigentleg kor latterleg dei var når dei gjekk såpass langt som dei gjorde. For tilslutt virker det som at alle innser kor dumt det dei driv med er, og dei melder seg ut av kommunistpartiet ein etter ein.



* Bilete: Coveret til gymnaslærer Pedersen lånt frå :http://cdon.no/film/gymnasl%C3%A6rer_pedersen-588848

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar