mandag 28. mars 2011

Fordjupningsemne 2

Eg er nå endelig på veg til å bli ferdig med fordjupningsemnet mitt. Som emne har eg vært innom mykje, men vekta har heile tida lagt på galskap i litteraturen. Til slutt har eg valt å ta for meg Amalie Skrams bøker professor hieronimus og På St.Jørgen. eg har arbeidd med stoffet har eg sett på forskjellig sekundærlitteratur som har kunne gjeve meg eit svar på mi problemstilling. Den største utfordringa med arbeidet har vært å skilje frå kvarandre kva som er vesentlig for min oppgåve, og kva som ikkje er det. Dette er spesielt vanskeleg når eg har så mykje informasjon i hovudet som vil ut. Eg har også derfor hatt problem med å få fordjupningsemnet til å bli kort nok.

I min presentasjon har eg valt å få frem korleis forholdet var mellom lege og pasient i bøkene, og derfor blir det professor hieronmius som blir den viktigaste boka i forhold til mi problemstilling. Når eg valte presentasjonsform, var det fordi munnlig form er den karakteren i vårterminen eg vil forbetre, og eg satsa derfor på at fordjupningsemnet vil hjelpe meg med det. Eg syns også at det er lettare å få fram alt stoffet eg kan gjennom munnlig presentasjon, og samtale med lærer etterpå.

fredag 4. mars 2011

Fordjupningsemne


Eg har valt emnet galskap til å vere mitt fordjupingsemne denne våren. Eg vil ta det for meg på den måten at eg vil sjå korleis forskjellige forfattarar har tatt for seg emnet igjennom tida. Grunnen til at eg valte akkurat dette, er at eg syntes emnet er spennande, og eg gler meg spesielt til å lese Amalie Skram si ”på st. Jørgens hospital”. Ho er vel ein av den største grunnen til at eg valte emnet, då ho fasinerer meg som forfattar. Eg er også nysgjerrig på å sjå korleis forfattarane framstiller emnet i forhold til forholdet mellom gal - normal. Kva er eigentlig galskap? Og kva vil det sei og være normal? Dette er nok også spørsmål som vil vere viktig for meg undervegs i lesinga. Men problemstillingen ligger nok på det med tida – Korleis har framstillingen av galskap forandra seg i løpet av åra ?

Bildet av Amalie Skram er lånt fra http://nettavis.skolenettet.no/no/Oppland/Gjovik/Gjovik-laringssenter/gls/Musikk/Amalie-Skram--/